Potsjep (russisk Почеп) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sørvest for Brjansk.

Potsjep
Почеп
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Potsjep is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Brjansk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1457
1919
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

17 105
Koordinatar 52°56′00″N 33°27′00″E / 52.93333°N 33.45000°E / 52.93333; 33.45000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 243400
Retningsnummer (tlf) +7 48345

Potsejp vart grunnlagd i 1457 og vart nemnt som ein viktig by i Storhertugdømet Litauen. Han kom under Storfyrstedømet Moskva i 1503 og var lite viktig til rundt 1710, då hetman Ivan Skoropadskyj gav han til Fyrst Mensjikov. Sistnemnde grunnla fortet Aleksandropolis i nærleiken og starta produksjon av segl til russiske skip i Potsjep.

Industrien gjekk tilbake etter Mensjikov fall og byen stagnerte til 1750, då han kom inn under ein annan hetman, Kirill Razumovskyj, som planla å bygge sommerresidensen sin der. Det einaste minnet om desse planane er den vakre Gjenoppstandelseskyrkje, bygt i barokkstil av Antonio Rinaldi1750-talet.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.