Praktisk kunnskap

Praktisk kunnskap er kunnskap i handling, i det vi gjer eller let vere å gjere, og kan kallast handlingsboren kunnskap. Teoriar om praktisk kunnskap er handlingsteoriar. Praktisk kunnskap må ikkje forvekslast med praktisk sans eller teknisk innsikt. Forskinga på praktisk kunnskap prøver å skjønne kva som skjer i praksis og kvifor. Det er eit studium av kva praksisen er, kva som ligg til grunn for han og korleis han utviklar seg i praksisar.

Den praktiske kunnskapens teori endre

Praktisk kunnskap er vel så utbreidd som teoretisk kunnskap, men kan vere vanskeleg å setje ord på slik at andre kan lære av det. Ein tenkjer seg likevel at ein kan studere og teoretisere denne kunnskapen så langt ein kan.[1] Slike forskingsbaserte studiar kan ein kalle prakseologiske (lære om praksis).

Studiar av praktisk kunnskap tek utgangspunkt i at all kunnskap på ein eller annan måte alltid går attende til eit subjekt og til ein praksis i ei livsverd, fordi vi alltid er kroppsleg til stades i verda. Denne grunnerfaringa, den naturlege innstillinga til livet, er sjuande og sist utgangspunktet for all teori, òg dei vitskaplege eller forskingsbaserte. Dette synet på forholdet mellom subjektet og verda vert kalla anti-dualistisk (anti-kartesiansk) og er sentral i all filosofi og vitskapsteori som ikkje er positivistisk eller naturalistisk, men tolkande — og såleis på ein måte refleksiv og hermeneutisk.

I og med at praktisk kunnskap blir til i sjølve praksis, er han kontekstuell, dynamisk og relasjonell, sosial og kommunikativ. Ein kan prøve å artikulere kva denne handlingskunnskapen meir konkret er i kvart tilfelle. Dette er kanskje aktuelt å vite for profesjonsutdanningar, t.d. kva ein god lærar intuitivt gjer i klasserommet i møtet med elevane. Studiar av denne artikuleringa kan ein på eit overordna nivå kalle den praktiske kunnskapens teori, dvs. eit side- eller metaperspektiv til hjelp for vidare studiar i praktisk kunnskap.[2]

Forsking på praktisk kunnskap blir i dag ofte knytt til studiar av yrkes- og profesjonspraksiser,[3] i praktisk yrkesteori som lærar, sjukepleiar, lækjar, leiarar generelt, politi, skodespelar, biletkunstnar, musikar eller pilot. Men ein kan i prinsippet studere alle typar praksisar, som å gå på tur, på konsert, festivalar eller det å reise til Syden.

Smale og vide tydingar av praktisk kunnskap endre

Det finst både smale og vide tydingar av praktisk kunnskap.

I ei smal tyding viser ein som regel til forståinga av praktisk kunnskap frå den greske filosofen Aristoteles i antikken og vidareutviklinga av denne i nyare praktisk filosofi og empirisk vitskap innanfor sosialpsykologi og tolkande sosiologi, som skjønn eller dømmekraft, ein praktisk klokskap.[4]

Aristoteles[5] skilde i boka Nikomakos-etikken, kap. 6, mellom tre former for kunnskap:

  • teoretisk kunnskap (theoria ) som gjev episteme, «viten» eller sikker kunnskap (logisk-matematisk),
  • poietisk kunnskap (poiesis ) som gjev techne det er teknisk kunnskap, ein «kunnen» som i handverkarens kunnskap, og
  • praktisk kunnskap (praxis ) som gjev fronesis, det er meiningsfull og forstandig brukt kunnskap, praktisk innsikt eller klokskap.

Ein god praktiker har alltid ein solid teoretisk og teknisk innsikt i tillegg til evne til å vurdere kva situasjonen treng for å vere forstandig eller vettig. Med praktisk kunnskap forstått på denne aristoteliske måten er klok vurdering eller godt skjønn avgjerande for utfallet når noko blir vanskeleg, og han er i prinsippet alltid god. Du viser fronesis når du gjer det rette til rett tid og på rett måte (t.d. at du ikkje tar i for sterkt eller for svakt).

I ei vidare tyding kan vi seie at det dreier seg om evne til å svare på situasjonen du står i, ein svarevne eller responsivitet,[6] med eit kyndig blikk.[7]

Men ein kan òg forstå omgrepet i endå vidare tyding, som all den kunnskapen som blir til i og veks fram i praksis. Då er praktisk kunnskap ikkje berre eit godt skjønn som blir aktualisert i situasjonar der ein står i vanskelege val. Men når noko ikkje er sjølvsagt, blir det tydeleg kva plass tolking og skjønn alltid har. Slik sett er fronesis eit aspekt ved alle handlingar. Dette dreier seg om kunnskap i vid meining, dvs. ikkje berre faktakunnskap, men alt som går for å vere kunnskap eller viten i kvardagen. Han kan då vere god eller dårleg i ulike gradar. Tidlegare forsking og etablerte teoriar om samanhengar kan hjelpe oss til å sjå dette og til å forstå det betre. Kva som er godt, blir til sist bestemt ut frå føremålet med praksisen, i yrkespraksis òg ut frå oppdraget yrket eller profesjonsutøvaren har fått. Nokre gonger kan praktikaren vere blind eller nærsynt, med blinde flekkar. Vi kan mangle svarevne eller berre tru sjølv at vi svarer godt. Ofte tenkjer ein god praktikar langsiktig: det som no verkar ufornuftig og blir oppfatta negativt, er bra på lang sikt, og omvend. For å forstå dette frå utsida, må ein setje seg godt inn i konteksten.

Felles for alle tydingar er at praksiskunnskapen kan vere implisitt eller taus kunnskap, både individuell og kollektiv.[8] Individuelt kan taus kunnskap vere berre, eller mest berre, kroppsleg, som å sykle eller danse, då kjem teori til kort. Kollektivt kan ein studere kunnskap utvikla i fellesskap, som i lærande organisasjonar. Typisk for slik taus eller ikkje-artikulert kunnskap i trong og vid tyding, individuelt eller kollektivt, er at det er vanskeleg å forklare han språkleg-teoretisk, ein må gjere det og øve på det, for å greie det. Det er vanskeleg å planleggje slik at ein lett berre følgjer ein prosedyre eller ei oppskrift, men ein kan vere budd.

Forsking på praktisk kunnskap endre

Praktisk kunnskap kan ein då studere med ulike perspektiv, slike som kognitivt-psykologisk, fenomenologisk og pragmatisk.

Studiar av praktisk kunnskap vart alt tidleg på 1990-talet trekt inn i svensk arbeidslivsforsking.[9] Det er i dag mogleg fleire stader å studere praktisk kunnskap som eige fag. Mest vanleg er det å studere han som del av profesjonsetikken. Slik forsking får nokre særeigne trekk der ein tek vare på perspektivet åt den som handlar, noko som er avgjerande for bruken av forskinga. Dette gjev ulike typar handlingsteoriar som alltid tematiserer subjektet si rolle og ansvar i handlinga, i tolking, forståing og meining —utan å isolere individet, dvs. intersubjektivt. Å studere språk, sosiale relasjonar, handling og kommunikasjon blir vesentleg. Praksisar er komplekse, så tverrfaglege tilnærmingar er nødvendige for å gripe kva det heile dreier seg om.

Ein kan gjennom forsking prøve å avdekkje ikkje berre kva praksiskunnskapen er, men òg korleis han blir til, kva som ligg til grunn for han sosialt og kulturelt og kva som driv han i situasjonen. Ein avdekkjer det ein kallar for konstitutive trekk, dei elementa som ligg til grunn for han. Vi kan forske på korleis praksiskunnskap blir lært, utvikla, halde fast, forkasta eller berre endra i lys av sosiale og kulturelle prosessar. Alle endringar er ikkje nødvendigvis forbetringar. Såleis er praktisk kunnskap essensielt i studiar av innovasjonar eller nyskapingar i alle typar praksisar.

Ein mogleg metode er å gripe til eigne og andre sine erfaringar gjennom praksisforteljingar med døme eller eksempel[10] og refleksjon over denne. Ein annan måte er ved ulike typar intervju og observasjon (kvantitative og kvalitative, deltakande i varierande grad). Erfaringar av at noko ikkje heilt stemmer i praksis har vist seg å vere ein god inngang til slike studiar. Slik erfaring vert kalla diskrepanserfaring eller uro, ein situasjon der før-forståinga blir broten.[11] Å forske på eigen praksis blir sett på som ein fordel fordi vi kjenner han så godt, men òg ein ulempe om ein manglar den avstanden som gjer at vi kan forstå han godt.

Ulike typar vurderingar, medvite eller ikkje medvite, vil alltid vere sentrale emne i forsking på praksisens kunnskap. Då må ein først kartleggje oppfatningar av situasjonen praktikaren står i, korleis situasjonen blir forstått eller definert. Den konkrete erfaringa må forskinga ta på alvor (anerkjennande) nettopp fordi oppfatninga av situasjonen er avgjerande. Forskinga kan då hjelpe praktikaren til å forstå kva som står på spel. Dette kan ein analysere (kritisk), og resultatet må vere slik formulert at det kan vere til hjelp for andre i liknande situasjonar (konstruktiv).

Typiske problemstillingar i studiar av praksiskunnskap i profesjonsstudiar dreier seg om både rett og gale (etiske[12]) og godt og dårleg (kvalitet), spørsmål om korleis ein som praktikar skal ta stilling til lover og reglar, prosedyrar, vanar og tradisjonar. Mange har studert korleis utøvaren kan bruke rein fakta- og evidensbasert kunnskap i praksis, det er jo kunnskap som i utgangspunktet er uavhengig av praksis og ikkje kontekstualisert i ein situasjon.[13] Ei anna viktig forskingsretning ser på ekspertkunnskap i praksis i motsetnad til nybyrjarens praksiskunnskap.[14]

Ideen er i alle fall å takle problemet kring samanhengen mellom teori og praksis, noko som er viktig for arbeidet med utdanningar til alle moderne yrke.[15] Mykje aksjonsforsking er retta mot praktisk kunnskap i vid eller trong tyding.[16] Sosiologisk forsking på praksis studerer handlingar og føresetnadene deira i sosiokulturelle kontekstar slik at det inkluderer praktisk kunnskap.[17]

Humanistiske forskingstradisjonar med vekt på bruk av skjønnlitteratur, biletkunst og anna kulturkunnskap har òg vist seg nyttig til å avdekke ulike handlingsaspekt i praktisk kunnskap.[18]

Kjelder endre

  1. Jf. Gustavsson 2004; Molander 1996
  2. McGuirk og Methi 2015; Börnemark og Svenaeus 2009
  3. Olsen 2019
  4. Jf. Gadamer 2010; Dunne 1997
  5. Aristoteles (2013)
  6. Lindseth 2015
  7. Jf. Meløe 1997
  8. Jf. Polanyi 1967; Wackerhausen 2005
  9. Jf. Josefson 1998
  10. Jf. Nordenstam 2005
  11. Lindseth 2015
  12. jf. Singer 2011
  13. Fossestøl, jf. lenke.
  14. Jf. Dreyfus 1986
  15. Jf. Korthagen 2001; Kemmis 2008
  16. Jf. Eikeland 2017
  17. Jf. Bourdieu, Foucault, Luckmann
  18. Jf. Halås et al. 2017
Litteratur
  • Aristoteles (2013). Den nikomakiske etikken. Oslo: Vidarforlaget.
  • Börnemark, J. og F. Svenaeus, red. (2009). Vad är praktisk kunnskap? Södertörn Studies in Practical Knowledge. Huddinge: Södertörns högskola.
  • Dreyfus, H. L., T. Athanasiou og S. E. Dreyfus (1986). Mind over machine. The power of human intuition and expertise in the era of the computer. New York, Free Press.
  • Dunne, J. (1997). Back to the Rough Ground. Practical Judgment and the Lure of Technique. Notre Dame, Indiana: University of Notre Dame Press.
  • Eikeland, O. (2017). «Aristotelisk aksjonsforskning.» I Aksjonsforskning i Norge. Teoretisk og empirisk mangfold . S. Gjøtterud, H. Hiim, D. Husebø et al. Oslo: Cappelen Damm Akademisk, s. 133-164.
  • Fossestøl, B. (2012). Kunnskapsbasert praksis i sosialtjenesten. Om profesjonalitet og dømmekraft i sosialt arbeid. (Phd-avhandling). Universitetet i Oslo: Unipub.
  • Gadamer, H.-G. (2010). Sannhet og metode. Grunntrekk i en filosofisk hermeneutikk. Oslo: Pax.
  • Gustavsson, B., red. (2004). Kunskap i det praktiska. Lund: Studentlitteratur.
  • Halås, C. T., K. Steinsvik og I. G. Kymre, red. (2017). Humanistiske forskningstilnærminger til profesjonspraksis. Oslo: Gyldendal akademisk.
  • Josefson, I. (1998). Läkarens yrkeskunnande. Lund: Studentlitteratur.
  • Kemmis, S. og T. J. Smith (2008). Enabling Praxis. Challenges for Education. Rotterdam: Sense Publishers.
  • Korthagen, F. J. (2001). Linking practice and theory. The pedagogy of realistic teacher education. New York: Routledge.
  • Lindseth, A. (2015). «Svarevne og kritisk refleksjon. Hvordan utvikle praktisk kunnskap?». I Praktisk kunnskap som profesjonsforskning. Antologi over yrkeserfaringen som utgangspunkt for forståelse av kunnskapsutvikling i praksis. J. McGuirk og J. S. Methi, red. Bergen: Fagbokforlaget, s. 43-60.
  • McGuirk, J. og J. S. Methi, red. (2015). Praktisk kunnskap som profesjonsforskning. Bergen: Fagbokforlaget.
  • Meløe, J. (1997). Om å forstå det andre gjør. Filosofi i et nordlig landskap. A. Greve, S. Nesset og J. Meløe. Tromsø: Universitetetsbiblioteket i Tromsø, s. 338-345..
  • Molander, Bengt (1996). Kunskap i handling. Göteborg: Daidalos.
  • Nordenstam, T. (2005). Exemplets makt. Göteborg: Dialoger.
  • Olsen, R. (2019). Mellom tro og tvil. Praktisk kunnskap i psykisk helsearbeid. Oslo: Gyldendal.
  • Polanyi, M. (1967). The tacit dimension. New York: Anchor.
  • Singer, P. (2011). Practical ethics. New York: Cambridge University Press.
  • Wackerhausen, S. (2005). «Tavs viden, pædagogik og refleksion.» I Voksnes læringsrum. C. N. Jensen. Værløse: Billesø & Baltzer, s. 298-321.

Bakgrunnsstoff endre