Prawo i Sprawiedliwość

Prawo i Sprawiedliwość (PiS), polsk for Lov og rettferd, er namnet på eit nasjonalkonservativt, populistisk politisk parti i Polen, skipa i 2001 av tvillingbrørne Lech Kaczyński og Jarosław Kaczyński.[1] Partiet går inn for ein etter måten stor statleg innverknad på økonomien, har gjeve lovnader om å styrke lov og orden og å gripe inn mot korrupsjon, og er dessutan såkalla EU-skeptisk, det vil seie at partiet er kritisk til den noverande byråkratiske oppbygginga og gjeng mot auka integrasjon i Den europeiske unionen.

Prawo i Sprawiedliwość


LandPolen
Partileiar(ar)Jarosław Kaczyński
GrunnleggjararLech Kaczyński
Grunnlagt13. juni 2001
HovudkvarterWarszawa
Medlemstal45 000 (2021)
Ideologinasjonalkonservatisme, sosialkonservatisme, euroskeptisisme, økonomisk nasjonalisme, høgrepopulisme, Polish nationalism, antikommunisme, solidarisme, etatisme, kristne høgre Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida

Partiet fekk ved valet til det polske parlamentet i 2015 reint fleirtal i båe kammera, 235 mandatat i Sejm og 61 i senatet. Toppkandidaten for partiet i dette valet, Beata Szydło, vart statsminister i Polen 16. november 2015.

I Europaparlamentet har partiet 19 representantar, og alle desse er med i det konservative og anti-føderalistiske felleseuropeiske politiske partiet Alliansen av europeiske konservative og reformistar, som vart skipa 1. oktober 2009.

Kjelder

endre
  1. Lundbo, Sten (17. juli 2023). «Partiet for lov og rettferdighet». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

endre