Presolana
Presolana (italiensk Pizzo della Presolana) er ei fjellkjede i Lombardia nord i Italia. Ho høyrer til Dei bergamaskiske Alpane og ligg om lag 35 km nord for Bergamo.
Presolana | |||
fjell | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei bergamaskiske Alpane | ||
Høgd | 2 521 moh. | ||
Koordinatar | 45°54′N 10°01′E / 45.900°N 10.017°E | ||
Presolana 45°54′00″N 10°01′00″E / 45.9°N 10.016666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Presolana |
Presolana ligg i provinsen Bergamo, mellom Val Seriana og Valle di Scalve. Toppen av fjellet heiter Presolana Occidentale og har ei høgd på 2 521 m over havet.
Presolana er kjend som eit av få fjell i Lombardia som består av ein kalksteinsbergart som liknar dolomitt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Presolana» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2007.