Proaudio står for profesjonell audio og syner til audioutstyr som vert nytta i profesjonell samanheng. Typiske døme er utstyr nytta av kringkastarar, til feltopptak, i lydstydio osb.

Døme på profesjonellt audioutstyr.

Profesjonelt audioutstyr skil seg frå forbrukarutstyr som Hi-Fi-utstyr og High-End-utstyr på fleire punkt. Til dømes nyttar profesjonelt utstyr balansert overføring, medan forbrukarutstyr ofte nyttar ubalansert overføring. Dei som nyttar profesjonelt utstyr har som oftast teknisk utdanning og difor betre føresetnadar for å vurdera eigenskapar og kvalitet enn dei som kjøper forbrukarutstyr. Produsentane av profesjonelt utstyr legg difor stor vekt på teknisk funksjonalitet og brukar ikkje så mykje pengar på unyttig pynt som det ein ofte finn på forbrukarutstyr.

Men det er òg store likskapar mellom profesjonelt og forbrukarutstyr. Dette gjeld spesielt digitalt utstyr, der den underliggande teknologien i stor grad er den same. Nokre produsentar utnyttar dette, på det viset at dei leverer både ein proversjon og ein forbrukarversjon av somme produkt. Dette fører til større produksjonsseriar og difor reduserte kostnadar.

Sjå òg

endre