Probisjtip (makedonsk Пробиштип) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Probisjtip og Zletovo.

Probisjtip
Пробиштип
kommune
Det sentrale torget i Probisjtip.
Våpenskjold
Land  Nord-Makedonia
Region Statistisk region Aust
Areal 325,57 km²
Folketal 13 417  (2021)
Folketettleik 41,21 / km²
UTC +1
Kart
Probisjtip
42°01′N 22°09′E / 42.01°N 22.15°E / 42.01; 22.15
Wikimedia Commons: Probištip Municipality

Kommunen har eit areal på 325,57 km2 og hadde 13 417 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1]

I 2002 hadde kommunen 16 193 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Probisjtip hadde 12 765, medan det som i dag er sjølve byen hadde 10 816 innbyggjarar.[3] Dei opphavlege landsbyane Probisjtip og Kalnisjte blir no rekna som ein del av byområdet til den såkalla «Industribusetnaden» (makedonsk Индустриска Населба, Industriska naselba)

Dei største bydelane og busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[3]
«Industribusetnaden» 8 045
Zletovo 2 477
Kalnisjte 2 102
Probisjtip 669
Dobrevo 340

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.