Promille, representert ved teiknet ‰, tyder tusendel eller per tusen. Ein promille er dermed ein tusendel av ei bestemt mengd. Til dømes vil ein promille av 1 000 vera 1, ein promille av 10 000 vera 10 osb. Me kan bruka ‰ på same viset som sifra 0,1,2,3,4,5,6,7,8 og 9; ‰ = 1/1000.