Propaganda
Propaganda er massekommunikasjon som tar sikte på at mottakarane skal tileigne seg eit bestemt standpunkt, endre åtferd eller bli manipulert. Propaganda vart særleg brukt under den andre verdskrigen av begge sider. Etter den andre verdskrigen fekk omgrepet negative konnotasjonar, særleg på grunn av Joseph Goebbels, minister for informasjon og propaganda i Nazi-Tyskland, som brukte propaganda i stor skala for å manipulere den tyske befolkninga.