Proposisjon er eit ord nytta i logikken for å skildre innhaldet i påstandar. Ein påstand kan evaluerast som anten sann eller usann. Proposisjonar er ikkje-lingvistiske abstraksjonar, så forskjellige setningar innan eit språk, eller ei setning på to ulike språk, kan uttrykkje same proposisjon. Det er vanleg å setje ordet at framfor ei setning som skal uttrykkje ein proposisjon, t.d. er at Ola elskar Kari proposisjonen som setninga Ola elskar Kari uttrykkjer.

Argument mot bruk av proposisjonar

endre

Filosofien W.V.O. Quine meinte at sidan det er så vanskeleg å nøyaktig og fullstendig omsetje, burde me heller snakke om setningane, enn proposisjonane dei (kanskje) uttrykkjer.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.