Prosjekt Gutenberg Australia

Prosjekt Gutenberg Australia (eller Project Gutenberg Australia) er ei internettside som var grunnlagt i 2001 av Colin Choat. Sida er vert for frie elektroniske bøker og tekstar som er i det offentlege domenet i Australia. Innhaldet vert lagt inn av frivillige. Dette er ei søsterside til Prosjekt Gutenberg, men det er ingen formell kontakt mellom dei to organisasjonane.

Grunna forskjellige lover innan kopirett i Australia og USA, har Prosjekt Gutenberg Australia ein del verk som ikkje er tilgjengeleg i det amerikanske Prosjekt Gutenberg. Mellom anna arbeid av Margaret Mitchell, George Orwell, H. P. Lovecraft og Dylan Thomas.

Med introduksjonen av ein handelsavtale mellom USA og Australia, vil alle arbeid som var på sida når avtalen kom i kraft, framleis vere i det offentlege domene og vist på denne nettsida. Arbeid av forfattarar som døydde etter desember 1954 vil no først bli offentleg domene tidlegast i 2024.[1]

Sjå òg

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre