Puck i idrett
Puck er ei hard, tjukk skive som blir brukt til ein del idrettar, særleg ishockey. Puckar er som regel svarte på farge og laga av gummi. Dei er ofte merka med logoen til eit lag eller serien dei blir brukte i på ei eller begge sider.[1] Pucken blir brukt nokså likt ein ball i ballspel, men sklir på underlaget i staden for å spretta. Før ein ishockeykamp frys ein pucken for å redusera spretting.[1]
Ein standard ishockeypuck skal vera 7,62 cm (3 tommer) i diameter og 2,54 cm (1 tomme) tjukk. Vekta skal vera innanfor 156–170 g (5,5–6,0 ounces).[2]
I tillegg til i ishockey bruker ein puckar i roller hockey (rulleskøytehockey) og undervasshockey. Liknande skivar eller puckar blir også brukt i sport og spel som novuss, shuffleboard, bord-shuffleboard, boks-hockey og air hockey.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Hockey Puck: How Products are Made». eNotes. Arkivert frå originalen 4. april 2011. Henta 29. oktober 2009.
- ↑ «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2017. Henta 2. mars 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Hockey puck» frå Wikipedia på engelsk, og «Puck» frå Wikipedia på bokmål den 23. april 2019.