Pønkkultur

(Omdirigert frå Punkkultur)

Punk- eller pønkkulturen er ein subkultur som er sentrert kring punkrock-musikk, og omfattar ei lang rekkje ideologiar, motar og uttrykksformer, som visuell kunst, dans, litteratur og film. Subkulturen er stort sett kjenneteikna ved eit anti-etablissement-syn og fremjing av individuell fridom. Punkkulturen er sentrert kring ein høglydt, aggressiv rockesjanger, punkrocken. Han vert vanlegvis spelt av små band som består av ein vokalist, ein eller to gitaristar, ein bassist og ein trommeslagar.

To britiske punkarar i 1980-åra.

Sjølv om punkarane ofte har venstreorienterte eller progressive syn, har punkpolitikken dekt heile det politiske spekteret. Vanlege punksynspunkt har vore anti-etablissement, ein gjer-det-sjølv-etikk, unngå konformitet, direkte aksjon og unngå å bli for kommersielle.

Det finst ei lang rekkje punkmotar med klede (som T-skjorter med støytande motiv eller tekst, skinnjakkar, Doc Marten-støvlar etc.), frisyrar (som hår med sterke fargar, piggsveis og hanekam etc.) kosmetikk, tatoveringar, smykke og endringar av kroppen. Tidleg punkmote bestod ofte av kvardagslege ting som t-skjorter, skinnjakke (ofte dekorert med ein måla bandlogo, pins og merke og naglar) og skotøy som Converse-sko, skatesko, creepers eller Dr. Martens-støvlar. Hardcore punk-fans hadde ein enklare stil med t-skojrte, jeans, kampstøvlar eller sneakers og crewcut-frisyre. Kvinner i hardcore-miljøet gjekk som regel med maskuline klede.[1]

Kjelder endre

  1. «Not Just Boys' Fun?» (PDF). Duo.uio.no. s. 11. Henta 23. september 2016.