Putumayo-provinsen
Putumayo-provinsen er ein av åtte provinsar som utgjer Loreto-regionen lengst nordaust i Peru. Namnet er gjeve av grenseelva Putumayo.
Territoriet dekker ei stripe av Loreto mot nordaust, det grensar til Ecuador i vest, til Colombia i nordaust langs Putumayo-elva; mot sør grensar ho til provinsane Mariscal Ramón Castilla og Maynas. Provinsen vart oppretta den 5. mai 2014, fram til den datoen var han ein del av provinsen Maynas. Putumayo-provinsen dekker eit areal på 45 927,89 km², folkesetnaden var på 7780 i 2017.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Provincia de Putumayo» frå Wikipedia på spansk, den 21. februar 2021.