Pelle og Pysa Pirat

(Omdirigert frå Pysa Pirat)

Pelle og Pysa Pirat er rollefigurar frå førestillingane om sjørøvarkarakteren Kaptein Sabeltann skapt av Terje Formoe. Dei er einegga tvillingar, soner av Malena Pirat frå øya Shangri La. Pelle er nokre minuttar eldre enn Pysa, og reknar seg sjølv som storebror.[1]

Frank Ole Sætrang som Pysa Pirat i Kaptein Sabeltann og Den Forheksede Øya i 2016.
Kai Kenneth Hanson som Pelle Pirat i Kaptein Sabeltann og Den Forheksede Øya i juli 2016.

Pelle og Pysa er komiske roller som lett kan bli forveksla. Begge piratane har lapp over auget, men har begge ifølgje seg sjølv vanska med å hugsa kva auge dei skal ha lappen over.[2] Dei opptrer som uvitande og sjalu, som kranglar om kven som er mest mammadalt. Pelle kan ikkje lesa eller telja, medan Pysa er litt betre til å telja.[3]

Skodespelarar som har opptredd som Pelle endre

  • Ingolf Karinen
  • Kai Kenneth Hanson
  • Anders Kippersund
  • Geir Kolden
  • Lasse Vermeli
  • Jonas Delerud
  • Jon Erik Myre

Skodespelarar som har opptredd som Pysa endre

  • Knut Haugmark
  • Ole-Hermann Gudim Lundberg
  • Kai Kenneth Hanson
  • Frank Ole Sætrang
  • Jonas Kippersund
  • Dag Håvard Engebråten
  • Yngvar Nielsen Skuland
  • Markus Bjørlykke
  • Henrik Borge

Kjelder endre

  1. «Pelle og Pysa», Dyreparken (på norsk bokmål), henta 8. juni 2020 
  2. «Pysa Pirat», Kaptein Sabeltann Wiki (på engelsk), henta 8. juni 2020 
  3. «Pelle Pirat», Kaptein Sabeltann Wiki (på engelsk), henta 8. juni 2020 

Bakgrunnsstoff endre