Kadi

(Omdirigert frå Qadi)

Ein kadi (arabisk: قاضي, qāḍī) er ein dommar som dømmer på grunnlag av sharia, det islamske religiøse lovverket. Fordi ein i islam ikkje skil mellom religiøse og sekulære dommar, ligg makta til kadiane tradisjonelt over alle andre når det gjeld rettslege spørsmål som involverer muslimar. Ein dom frå ein kadi må vere basert på ijma, meininga til fleirtalet av dei islamske lærde, ulemaene.

Abû Zayd ber om nåde framfor kadien i Ma’arra (1334).

Embetet vart innført under umayyade-dynastiet i Damaskus, som varte frå 661 til 750. I dag vert kadiane utdanna ved islamske universitet og høgskular. Dei høyrer til ein av dei islamske lovskulane og dømmer på grunnlag av forskriftene han har.

Kjelder endre