Quezon
Quezon (filippinsk: Lungsod ng Quezon) er den folkerikaste byen på Filippinane. Byen ligg på øya Luzon, og er av ein av byane som til saman utgjer metropolen Manila, hovudstadsregionen i landet. Meir enn 2,7 millionar menneske bur i Quezon, som dekker eit areal på 166,2 km².
Quezon Lungsod Quezon | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Metro Manila | ||
Grunnlagd | 12. oktober 1939 | ||
Borgarmeister | Joy Belmonte | ||
![]() Quezon | |||
Plassering i Metro Manila
| |||
Wikimedia Commons: Quezon City | |||
Nettstad: http://www.quezoncity.gov.ph/ | |||
Byen vart grunnlagd i 1939 og er oppkalla etter Manuel L. Quezon, den dåverande presidenten i Filippinane. Quezon var landets hovudstad frå 1948 til 1976, og hyser framleis det nasjonale parlamentet, det såkalla representanthuset. Både det nasjonale universitetet, Diliman, og universitetet Ateneo de Manila ligg i Quezon. Byen Quezon ligg ikkje i provinsen Quezon, som også har namn etter presidenten.
GalleriEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Quezon City» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2013.