Råde Idrettslag er eit idrettslag frå Råde i Østfold. Laget vart stifta 29. mars 1929 som Råde Skiklubb, bytta til dagens namn i 1946.

Dei største avdelingane i laget driv med fotball, handball og innebandy. Råde IL er også aktivt i idrettsgreinene kappgang, skeiseløp, skiidrett og volleyball. Tidlegare har laget hatt utøvarar som har drive med badminton, basketball, friidrett, orientering og turn.

I fotball hadde Råde IL sitt beste mannskap i tida 1988-91. Laget nådde kvartfinalane i NM-cupen 1988, der det vart tap 0-1 mot SK Brann, og rykte same sesongen opp i 2. divisjon. Råde deltok på nivå to i norsk seriefotball til 1991. I 2015 spelte laget på nivå seks.

Kjelder

endre