Råforsterking, eller open-sløyfe-forsterking, er forsterkinga til ein forsterkar utan tilbakekopling. Dei aller fleste moderne forsterkarar nyttar tilbakekopling for å redusera forvrengning, støy og rippel på forsyningsspenninga, osb.[1]. Ein annan grunn for å nytta tilbakekopling er for å auka eller redusera inn- og utgangsimpedansane til ein forsterkar. I den samanhengen er råforsterkina viktig. Di større råforsterkina er, di meir effektiv er tilbakekoplinga[1].

Råforsterkinga er størt i lågfrekvensområdet og fell av oppover i frekvensområdet. Operasjonsforsterkarar har som oftast ei råforstering på over (100 dB) ved dei lågaste frekvensane. Men råforsterkinga byrgar å falla av med 20 dB/dek. over ein viss frekvens. For Miller-kompenserte forsterkarar ofte ligg dette knekkpunktet i området 10-100 Hz[2]. Dette fører til at tilbakekoplinga blir mindre effektiv til lengre opp i frekvens ein kjem.

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 S, Franco, Design with operational amplifiers and analog integrated circuits, WCB/McGraw-Hill, 1998.
  2. J. Graeme, Optimizing op amp performance, McGraw-Hill, 1997.