Eit røntgenrøyr vert nytta for å lage røntgenstråling. Ein glødekatode sender ut elektron som blir akselerert mot ein anode ved hjelp av ei høg spenning. Elektrona har kinetisk energi omtrent lik null når dei forlèt katoden. Den kinetiske energien Ek ved anoden blir derfor e*U, der e er elektronladinga og U er spenninga. Når elektrona treffer anoden, sender anoden ut røntgenstråling, eller bremseenergien han får når elektrona treffer. Strålinga er fordelt over mange frekvensar. Mesteparten av strålinga har større frekvens enn ultrafiolett stråling. For eit røntgenrøyr med ei gjeven spenning U har strålinga ein maksimal frekvens, f. Den mest energirike røntgenstrålinga oppstår når all kinetisk energi i eitt elektron blir omforma til eitt foton.

Coolidge røntgenrøyr frå kring 1917. Den oppvarma katoden er til venstre og anden til høgre. Røntgenstrålene går nedover.

Kjelder endre