Røntgenspektroskopi
Røntgenspektroskopi er eit fellesomgrep for alle metodar som vert nytta for å registrere eit røntgenspektrum, avgjere bølgjelengda til strålinga og klassifisere spektrallinjene og sette dei i teoretisk samanheng med atomstrukturen.
Eit røntgenspektrum er elektromagnetisk stråling som vert sendt ut frå eit stoff når det vert utsett for røntgenstråling. Strålinga fører til at elektron i stoffert vert akselerert og innfallande elektron slår ut elektron i dei forskjellige elektronskala, slik at utanforliggande elektron går inn på dei tomme plassane. Det vert då frigjort energi i form av karakteristiske kvantar og ein får eit karakteristisk spektrum.
Sjå òg
endreKjelder
endre- røntgenspektrum. (2012-02-19) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/røntgenspektrum
- røntgenspektroskopi. (2012-02-19) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/røntgenspektroskopi