Røyne kyrkje

tidl. kyrkje i Lillehammer

61°3′59.78″N 10°25′36.73″E / 61.0666056°N 10.4268694°E / 61.0666056; 10.4268694

Minnealtar nær den gamle kyrkjestaden
Foto: Jan-Tore Egge
Røykjelseskar frå Røyne
Foto: Kulturhistorisk museum

Røyne kyrkje (eller Røine kyrkje) på Vingrom skal ha stått litt nord for noverande Røine gård[1]. Tunet låg der inntil på 1700-talet. Området vart planert rundt 1970, og det finst ikkje synlege restar etter kyrkja i dag.[2] Kyrkja er omtala i eit skinnbrev frå 1407, og det går fram av skinnbrev frå 1344 og 1411 at Rise var prestegard.[3].

Dagfinn Skre, som har skrive om området sin kyrkjearkeologi, meiner at den beskjedne størrelsen på gardane i området tyder på at kyrkja har vore oppført som fellesprosjekt snarare enn som høgendekirke på den største garden. Utsjånaden til kyrkja synest å vere ukjend.

Det er reist eit minnealtar nær den gamle kyrkjestaden, der det iblant vert halde friluftsgudstenester.[4]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Røyne kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Fotnotar endre

  1. Gnr. 25, jf. Gardar på Lillehammer
  2. Skre (1988), s. 72–73.
  3. Lillehammer kommune og Skre (1988), s. 71.
  4. Sjå t.d. Vår fedrearv. Menighetsblad for Lillehammer og omegn nr. 2/2014, s. 19.