Raphael Aloysius Lafferty (7. november 191418. mars 2002) var ein amerikansk forfattar.[1] Han har særleg godt omdømme for novellene sine innan science fiction/fantasy-sjangeren, men publiserte også historiske romanar.

R.A. Lafferty

Statsborgarskap USA
Fødd 7. november 1914
Neola
Død

18. mars 2002 (87 år)
Broken Arrow

Yrke romanforfattar, skribent, science fiction-forfattar
Språk angloamerikansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja

Priser endre

Lafferty blei nominert til Hugo for romanen Past Master[2] og novellene «Continued on the Next Rock»,[3] «Sky»[4] og «Eurema's Dam». For sistnevnte fekk han ein delt Hugo for beste novelle i 1973 (den andre vinnernovella var «The Meeting» av Frederik Pohl og Cyril M. Kornbluth).[5]

Han blei nominert til Nebulaprisen fleire gonger, men mottok den aldri for eit enkelt verk. I 1990 fekk han imidlertid hedersprisen World Fantasy Award for Life Achievement.[6]

Norske omsetjingar endre

To av Lafferty sine noveller er omsett til norsk:

  • «Alle stykkene fra en elvebredd» («All Pieces of a River Shore»), omsett av Thorstein Thelle i Donald A. Wollheim (red.): Tidsstormen (Fredhøis Forlag, utan år) (The 1972 Annual World's Best SF)
  • «Treg tirsdag kveld» («Slow Tuesday Night»), omsett av Arne Moen i Bing & Bringsværd (red.): Nazar 1: Timeglass (Gyldendal Norsk Forlags Lanterne-bøker, 1975)

Referansar endre