Radarsat
Radarsat er eit canadisk program av jordobservasjonssatelittar som overvaker jorda ved bruk av radar. Den første satelitten, Radarsat-1 vart skoten opp i 1995[1] og er framleis operativ. Radarsat-2 kom til i 2007 og er eit samarbeid mellom canadiske styresmakter og private aktørar.[2]
Canada sin oppfølgjar av Radarsat-programmet, Radarsat Constellation , kom til i 2019. Då vart ein rakett med tre satelittar oppskoten [3] . Alle satelittane i radarsat-serien nyttar ein SAR (Synthetic Aperture Radar) for å overvake jorda. Fordelen med SAR er at det ser gjennom skyar og om natta, noko valnlege optiske satellittar ikkje gjer. SAR blir brukt mykje i maritim overvaking. Noreg har ein avtale med Canada som gjer at Noreg får tilgang til 2000 bilete i året frå Radarsat-2.[4]
Kjelder
endre- ↑ http://www.asc-csa.gc.ca/eng/satellites/radarsat1/default.asp
- ↑ http://www.asc-csa.gc.ca/eng/satellites/radarsat2/default.asp
- ↑ Ralph, Eric (26. april 2019). «SpaceX ships Falcon 9 booster west for second California launch of 2019». TESLARATI (på engelsk). Henta 3. juni 2019.
- ↑ Stortingsmelding om rompolitikken Meld. St. 32 (2012–2013) http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/regpubl/stmeld/2012-2013/meld-st-32-20122013/4/1.html?id=723697