Opna hovudmenyen
Radionette Kurér, produsert i kring 700 000 eksemplar.

Radionette var ein norsk radiofabrikk og radiovaremerke. Selskapet vart stifta av Jan Wessel, i 1927, som A/S Jan Wessels Radiofabrikk.

Firmaet var det fyrste i Noreg som starta produksjon av radioar for tilknyting til kraftnettet (lysnettet). Tidlegare radioapparat hadde nytta batteri, så Radionette sine apparata revolusjonerte radiomarknaden. Etterspurnaden var så stor at fabrikken måtte utvidast ikkje så lenge etter at produksjonen var komen i gang. Den mest populære modellen var Kurér, som i perioden 1950-1959 vart produsert i 700 000 eksemplarar.

I 1968 flytta fabrikken produksjonen frå Oslo til ein stor, ny produksjonshall i Sandvika i Bærum kommune.

Radionette fekk store økonomiske problem som vart løyste ved at fabrikken fusjonerte med Tandbergs Radiofabrikk i 1972. Tandberg råka seinare opp i økonomiske problem, og la ned Radionette i 1978. Tandberg gjekk konkurs seinare det same året.

Produksjonshallen til Radionette i Sandvika er ombygd til butikklokale og vorte ein part av kjøpesenteret Sandvika Storsenter.

  • Dotterseselskap av Radionette: Radio Visjon A/S (produksjonsføretak)

RadiomodellarEndra

KjeldeEndra