Ragnar Nordby
Norsk husflidsmann
Ragnar Asbjørn Nordby (1. mai 1906–28. mars 1978) var ein norsk husflidsmann frå Stokke i Vestfold.
Ragnar Nordby | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mai 1906 Stokke kommune |
Død |
1978 (72 år) |
Frå unge år samla Nordby kunnskap om folkekunst, handverk og samarbeidsformer i det gamle bondesamfunnet rundt om i Vestfold. Han granska både det ferdige arbeidet og arbeidsmåtane nøye, noko som mellom anna resulterte i at han forma ein vestfoldbunad i 1932. Etter han vart cand.philol. i 1934, arbeidde han som lektor i tida 1935-47. Åra 1947-54 var han kontorsjef i Landbruksdepartementet. Frå 1954 var han disponent i Den Norske Husflidsforening, der han gjorde viktig innsats for også samisk husflid.
Nordby var i studietida formann i Studentmållaget. Seinare var han både formann og sekretær i Landsnemnda for bunadsspørsmål.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958