Raidet mot Cartagena i 1697

Raidet mot Cartagena var eit åtak av franskmennene på festningsbyen Cartagena i Colombia den 6. mai 1697, som ein del av niårskrigen.

Plyndring av Cartagena under ni-års krigen 1697

I 1695 hadde den franske marinen vorte svekka så pass at han ikkje lenger kunne møte den engelske og nederlandske marinen i eit ope sjøslag, og derfor gjekk over til kaperverksemd eller handelskrig. Baron Bernard Desjean de Pointis, som var aktiv i Karibia frå starten av krigen, klarte å overtyde kong Ludvig XIV av Frankrike om å prøve eit dristig åtak på den rikaste byen i regionen, Cartagena, i dagens Colombia.

Hann fekk kommando over ein flåte på sju skip, tre fregattar og nokre mindre fartøy. Skvadronen drog frå Brest i Frankrike, den 7. januar 1697, og nådde fram til Saint-Domingue i Vestindia den 3. mars. Pointis bad om støtte frå guvernør Jean du Casse, som berre motvillig gav han støtte, sidan han føretrekte eit åtak på Portbelo. Ein månad seinare, med ein flåte med 1200 soldatar og 650 sjørøvarar, nådde han fram til Cartagena.

Det kjende spanske forsvarsverka var ikkje det dei ein gong hadde vore og Pointis erobra begge festningane som forsvarte Cartagena forholdsvis lett, og mista berre 60 mann. Mellom 6. og 24. mai plyndra franskmennene byen, og tok eit krigsutbytte som var verdt mellom ti og tjue millionar livres.

Pointis segla så direkte mot Frankrike att og lurte dei allierte sjørøvarane som hadde fått lovnad om å dele potten. Rasande vendte sjørøvarane attende og plyndra byen ein gong til, denne gongen avherda av dei franske soldatane, det som vart ein orgie i valdtekt, utpressing og mord.

Etterverknad endre

På reisa attende til Frankrike klarte Pointis å unngå den engelske admiral John Nevell, som hadde sendt skvadronen sin frå Cadiz i Spania for å forfølgje den franske kaperen. Etter tre dagar klarte Nevell berre å ta eitt skip. Uheldigvis for han var dette eit sjukehusskip angripen av gul feber, som no spreidde seg til den engelske og nederlandske flåten. Sjukdomen tok livet av 1300 engelske sjømenn, seks kapteinar og admiral Nevell sjølv. Berre ein kaptein på den nederlandske flåten overlevde.

Franskmennene kom ikkje frå det uskadd, sidan den gule feberen hadde spreidd seg i flåten deira òg, og tok livet av fleire hundre sjømenn. Pointis kom seg likevel attende til Frankrike og gav Ludvig XIV hans del på to million livres. Resten av skatten gjorde Pointis til ein umåteleg rik mann.

Han gav ut Relation de l'expédition de Carthagène faite par les François en 1697 i Amsterdam året etter.

Kjelder endre