Ralph Rinzler
Ralph Rinzler (20. juli 1934–2. juli 1994) var ein USA-amerikansk mandolinist, visesongar og delaktig i skipinga av den årlege Smithsonian Folklife Festival på The Mall kvar sommar i Washington, D.C., der han arbeidde som kurator for amerikansk kunst, musikk og folkekultur ved Smithsonian Institution.[1] Denne festivalen har frå byrjinga av vore ei stor hending for amerikanske folkemusikarar..[2]
Ralph Rinzler | |||
Fødd | 20. juli 1934 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. juli 1994 (59 år) | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | mandolin | ||
Verka som | musikar |
Rinzler spelte mandolin i fleire folkemusikkgrupper i midten og slutten av 1950-åra og vart etter kvart med i det kjende Greenbriar Boys, som spelte inn fleire suksessrike plater.[3] Han spelte òg på mange andre sine album, inkludert Joan Baez, Clarence Ashley og han vann ein grammypris for arbeidet sitt som produsent.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ralph Rinzler» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ralph C. Rinzler, 59, Smithsonian Official And Folk-Life Expert», The New York Times, 8. juli 1994
- ↑ «Ralph Rinzler Collection». www.folklife.si.edu. Henta 13. oktober 2018.
- ↑ «Fellow Folks: The Greenbriar Boys». www.bobdylanroots.com. Henta 13. oktober 2018.
- ↑ «Awards - Folk Alliance International». www.folk.org. Arkivert frå originalen 11. oktober 2008. Henta 13. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Ralph Rinzler Folklife Archives and Collections
- «Ralph Rinzler, Folklorist: Professional Biography», Richard Gagne, Tougaloo College