Randvik gard i Risør

gard i Risør kommune
(Omdirigert frå Randvik gardane i Søndeled)

Koordinatar: 58°42′31″N 09°13′05″E Randvik gard ligg i bygda Randvik i Risør kommune. Garden ligg mellom Randvikhalvøya og Randvikheia. Randvik har gnr. 15.

Litt om gardane på RandvikEndra

Professor Oluf Rygh meiner namnet Randvi skal ha vore det same i gamalnorsk tid og at namnet er avleia av rond, som betyr rand eller kant.[1] Gardane ligg ytst på nordsida Sandnesfjorden i Søndeled og har Grundesund som nærmaste nabogard. I dag er gardane på Randvik blitt barnehagar (Lekestottet barnehage og Amandus barnehage).

Frå den eldste tidaEndra

Øster-Risøer (Risør by) er bygd på Randviks grunn, som i dag er ein av Noregs best bevarte trehusbyar. Den fyrste me veit som budde på Randvik er Peder Aagesen 1601. I 1647 er, ifylgje Risørboka til Tallak Lindstøl, Christian Sterck blitt eigar av ein del av garden. Christoffer Goye var landsherre i Nedenes amt mellom 1619 og 1630. Han kjøpte husmannsplassen Buvika med grunnar og ringar i Øster-Risøer hamn av Mads og Anders Randvik. Det var berre halvparten, sida Øster-Risøer hamn høyrte til Jacob Madsen. Han selte Øster-Risøer hamn til 1651 til Isach Lauritsen Falch og Christoffer Goye selte sin del av Randvik til tollar Sterck i Øster-Risøer, og i 1653 blei Falch blitt eigar av denne delen au.

Plassar under RandvikEndra

  • Buvika - Buvika har vore ein gamal husmannsplass med namnet Bueuig, som etter kvart blei ein buplass. I Buvika er det i dag eit trebåtbyggeri, men namn Risør trebåtbyggeri. Buvika høyrte frå 1901 til Risør by.
  • Korstveit - Plassen Korstveit har vore ein husmannsplass og ein bustadplass. Korstveit er nesten heile den plassen som i dag heiter Krana. Korstveit høyrde frå 1901 til Risør by.
  • Trestykkesmyr - Trestykkesmyr har vore ein plass under Randvik. Denne gardparten omfattar det som nå er Risør kyrkjegard og nederdel av Nyveg og gamle Søndeled sparebank. Plassen Trestykkesmyr høyrte frå 1901 under Risør by.
  • Lille Randvik - Lille Randvik (Glasmestermyr) ligg på austre sida av Randvikhalvøya, litt aust for Austre Randvikstranda.
  • Kleiva - Denne eigedomen ligg rett ved bygrensa til Risør. I 1917 selde lærar Nervik Kleva eigedommen sin til Risør kommune.

BakgrunnsstoffEndra

  • Søndeledboka bind 3. Søndeled gårdshistorie.