Randy Jo Hobbs
Randy Jo Hobbs (22. mars 1948–5. august 1993) var ein USA-amerikansk musikar frå Winchester i Indiana. Hobbs spelte bass for The McCoys frå 1965 til 1969 og i band med brørne Edgar Winter og Johnny Winter frå 1970 til 1976.[1][2][3]
Randy Jo Hobbs | |||
| |||
Fødd | 22. mars 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Indiana | ||
Død | 5. august 1993 (45 år) | ||
Dødsstad | Dayton | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | Bass | ||
Tilknytte artistar | The McCoys Johnny Winter Edgar Winter Montrose | ||
Verka som | musikar |
Han spelte bass med Jimi Hendrix på somme konsertopptak i 1968 som seinare uoffisielt kom ut som Woke Up This Morning and Found Myself Dead (1980)[4] og New York Sessions (1998), og offisielt Bleeding Heart (1994). Han spelte òg bass med ei seinare utgåve av Montrose, og spelte på Jump on It frå 1976.[5] Det same året spelte han bass på Rick Derringer-albumet Glass Derringer.
Randy Jo Hobbs vart funnen død av hjartesvikt, 45 år gammal, på eit hotellrom i Dayton i Ohio, i 1993 og er gravlagd i heimbyen Union City i Indiana.[6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Randy Jo Hobbs» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Randy Jo Hobbs: Credits at AllMusic. Henta 13. september 2014.
- ↑ Simmonds, Jeremy (2. september 2018). «The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches». Chicago Review Press. Henta 2. september 2018 – via Google Books.
- ↑ «WCHS Class of 1967». Wchsclassof1967.com. Henta 2. september 2018.
- ↑ «@ARTISTdirect». Artistdirect.com. Henta 2. september 2018.
- ↑ «Montrose - Jump On It CD Album». Cduniverse.com. Henta 2. september 2018.
- ↑ «Randy Jo Hobbs (1948–1993) – Find A Grave...». Findagrave.com. Henta 2. september 2018.