Rasismeparagrafen

§135a i den norske straffelova vert kalla rasismeparagrafen. Paragrafen vart innført i 1970 og forbyr diskriminerande og hatefulle offentlege ytringar og symbol på grunn av hudfarge, etnisitet eller nasjonalitet, religion eller seksuell legning. Paragrafen dreidde seg først om ytringar mot folk med annan etnisk bakgrunn, men har seinare vorte endra og utvida fleire gonger. Brot på paragrafen kan straffast med fengsel i opp til tre år.

§135a er i dag ein av dei mest omdiskuterte lovparagrafane i Noreg, men få er dømde for å bryta han[1]. Sidan slutten av 90-talet har talet på politimeldingar auka. Ofte er det antirasistar og politiske motstandarar som melder desse sakene.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Artikkel i Aftenposten januar 2001., arkivert frå originalen 9. november 2004, henta 18. juni 2007 
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.