Rasulukka i Loen i 1905

(Omdirigert frå Rasulukka i Loen 1905)

Rasulukka i Loen 1905 fann stad kvelden 15. januar 1905. Det rasa frå det 1493 meter høge Ramnefjellet i Loen i Stryn i Sogn og Fjordane frå ei høgd på 500 meter oppi fjellsida. Ein berghamar på kring 50 000 kubikkmeter rasa ned i Lovatnet, og drog med seg ytterlegare 300 000 kubikkmeter med urd og morene. Det vart danna høge flodbylgjer på 40 meter, som slo langt inn over land ved inste delen av vatnet. Hus og uthus med sovande menneske og dyr vart feia av tuftene og slengde oppover land, og til saman 61 av 122 menneske i bygdene Nesdal og Bødal omkom. Berre 9 av dei vart funne, dei 52 andre fekk si grav i vatnet. Skog og jord vart òg vaska bort og dampbåten «Lodølen» vart kasta 300 meter oppover land.

Ramnefjellet i 2012

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre