Rayman
- Denne artikkelen handlar om det fyrste spelet i Raymanserien. For ei oversikt over serien, sjå Rayman-serien. For spelfiguren, sjå figuren Rayman.
Rayman er eit fransk plattformvideospel frå 1995 utvikla av Ubisoft. Spelet blei gjeve ut i 1995 til PlayStation og i 1996 til Atari Jaguar, Sega Saturn og MS-DOS. Det var planlagt ein versjon til Sega 32X, men den blei kansellert grunna den korte levetida til konsollen.
Designarane for spelet er Michel Ancel, som var designleiar, Alexandra Steible, som var ansvarleg for karakterane og Vincent Gréco, som var leiande programmerar. Aldersgrensa for spelet er 3 år.
Skildring
endreRayman er eit siderullande plattformspel. Spelekarakteren er, som tittelen seier, Rayman, som må reise gjennom seks verder («The Dream Forest», «Band Land», «Blue Mountains», «Picture City», «The Caves of Skops» og «Candy Château») for å frigjere alle dei innesperra «Electoons». Desse er fanga i seks bur som er plassert ein stad på kvart nivå.
Mottaking
endreRayman er særs anerkjend for den animerte 2D-grafikken, atmosfæren og lydspora. Det har også fått ros, i tillegg til kritikk, for den høge vanskelegheitsgrada. Spelet selte 900 000 eksemplar på to år.[1] Det er også det mest selte PlayStation-spelet gjennom tidene i Storbritannia, med rundt 5 million selte eksemplar, framfor Tomb Raider II og Gran Turismo.[2]
Arv
endreDet opphavlige Rayman er kjent for den ekstremt høge vanskelegheitsgrada. Rayman blei fylgt opp av mange vellukka oppfylgjarar som ikkje fortsettar den opphavlige historia. I 1999 kom Rayman 2: The Great Escape ut, etterfylgt av Rayman 3: Hoodlum Havoc i 2003, Rayman: Hoodlum's Revenge i 2005 og Rayman Origins i 2011. Det er også gjeve ut fleire spin-off-spel, som Rayman Arena og Raving Rabbids-serien.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rayman(video game)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2012 kl. 21:10.
- ↑ «"Strategy and Management of Industrial Brands" (Malaval, 2001)» (på engelsk). Malaval, Philippe; Bénaroya, Christophe. ISBN 978-0-7923-7970-6. 31. januar 2001. s. 297-8.
- ↑ «PlayStation's last hurrah». Henta 1. august 2013.