Opna hovudmenyen

Representanthuset i USA (engelsk United States House of Representatives) er det eine av dei to kammera i den riksdekkjande lovgjevande forsamlinga i USA, Kongressen. Det andre er Senatet. Delstatane er representerte i tråd med folketalet deira, men kvar delstat er garantert minst éin representant. Per i dag har den mest folkerike staten, California, 53 representantar, medan talet på representantar med røysterett er sett til 435.

Representanthuset i USA
United States House of Representatives
Flag of the United States House of Representatives.svg
struktur
(116th) US House of Representatives.svg
politiske grupper
Fleirtal (233)

Mindretal (197)

Andre (1)

  •      Sjølvstendig (1)

Ledig (4)

  •      Ledig (4)
Obama Health Care Speech to Joint Session of Congress.jpg
Nettstad
http://www.house.gov

Kvar representant tener i ein toårsperiode. Mange kommentatorar meiner at dette gjer at arbeidet i Representanthuset vert sabotert av den nærast kontinuerlege valkampprosessen alle representantane som ynskjer attval må gjennom.

Leiaren for Representanthuset er den såkalla talaren, som til eikvar tid vert vald av og frå representantgruppa til det største partiet.

Representantane til dette huset vert i regelen valde frå mindre valdistrikt enn dei som gjeld for senatrepresentantane (eit gjennomsnittstal frå 2007 ligg på 693.000). Somme meiner at dette gjer at Representanthuset vert dominert av partipolitikk.

Representanthuset har somme fullmakter som berre det har, mellom anna til å endra skattelovverket, trekkja folkevalde for riksretten og velja presidenten i situasjonar der valmennene ikkje kan einast om ein vinnar.

TalararEndra

Den noverande talaren i Representanthuset er Nancy Pelosi, ein demokrat som har hatt stillinga sidan januar 2019.

Blant andre som har vore talar er:

KjelderEndra