Rezj (russisk Реж) er ei elv i Sverdlovsk oblast i Russland. Ho er ei sideelv til Nitsa i nedslagsfeltet til Ob. Ho er 219 km lang med eit nedslagsfelt på 4350 km².

Rezj spring ut frå dei sentrale Uralfjella og renn mot nordaust til samløpet med Nitsa. Den største byen ved elva er Rezj.