Ri Myong-Guk

nordkoreansk fotballspelar

Ri Myong-Guk (fødd 9. september 1986) er ein nordkoreansk fotballspelar som spelar som keeper for Pyongyang City i den nordkoreanske fotballigaen, og for det nordkoreanske landslaget.

Ri Myong-Guk
Personleg informasjon
Fødd 9. september 1986
Fødestad Pyongyang
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Pyongyang City
Nummer 1
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006- Nord-Korea Pyongyang City ? (?)
Landslag
2007- Nord-Korea Nord-Korea 24 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
‡ Landslagsmål oppdatert 15. desember 2009

I 2007 var Ri førstekeeper for det nordkoreanske ungdomslandslaget i kvalifiseringa til sommar-OL 2008, men laget klarde til slutt ikkje å kvalifisera seg. Sidan 2007 har han òg spelt for A-landslaget til Nord-Korea. Under Aust-Asiameisterskapen i fotball i 2008 vart han kåra til beste keeper i turneringa.

Ri spelte 15 kampar for Nord-Korea under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, og slepte berre inn fem mål til saman i desse kampane.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 12. mars 2010.