Richard Carpenter

Richard Lynn Carpenter (fødd 15. oktober 1946) er ein USA-amerikansk popmusikar, mest kjend som eine halvdelen i syskenduoen the Carpenters, i lag med systera Karen Carpenter. Han var plateprodusent, arrangør, pianist, klaverspelar, stundom tekstforfattar og komponist, i tillegg til at han song harmonivokal med Karen.

Richard Carpenter

Richard Carpenter med systera, Karen, i Det kvite huset den 1. august 1972.
Fødd15. oktober 1946 (78 år)[1]
FødestadNew Haven i Connecticut
FødenamnRichard Lynn Carpenter
OpphavDowney i California i USA
Aktiv1965 til i dag
SjangerPop
Instrumentvokal, piano, klaverinstrument, synthesizerar
Tilknytte artistarThe Carpenters, Karen Carpenter
PlateselskapA&M
Verka somMusikar, plateprodusent, arrangør, låtskrivar
MorAgnes Reuwer Tatum
FarHarold Bertram Carpenter

Biografi

endre

Carpenter byrja å ta timar i klassisk piano då han var ni år gammal og heldt fram med dette då han gjekk på Yale. Carpenter-familien flytta til Downey i California i 1963, og han fortsette studiane sine på University of Southern California og California State College ved Long Beach. I 1965 danna han ei gruppe med systera og ein tredje person, og starta sidan det seks mann store bandet Spectrum. Richard og Karen fekk platekontrakt med A&M i 1969. Som the Carpenters opplevde dei enorm kommersiell suksess i 1970-åra med ei rekkje softrockballadar, somme av dei skrivne av Richard i lag med andre. Karen døydde i 1983 av komplikasjonar av anoreksi. Richard gav ut debutalbumet sitt som soloartist, Time, i oktober 1987.

Diskografi

endre

The Carpenters

endre

Sjå diskografien til Carpenters

Album

endre
År Tittel
1987 Time
1998 Pianist • Arranger • Composer • Conductor

Kjelder

endre
  1. «Carpenters biography». Richardand KarenCarpenter.com. 2005. 

Bakgrunnsstoff

endre