Opna hovudmenyen

Richard Gustav Furuholmen

(Omdirigert frå Richard G. Furuholmen)

Richard Gustav Furuholmen (17. oktober 188727. mars 1963) var ein norsk ingeniør og båtkonstruktør. Han var fødd i Varteig ved Sarpsborg. Han teikna sin første båt i 1906. Etter nokre år i USA, der han mellom anna arbeidde med teikning av motorbåtar, arbeidde han som båtkonstruktør i Oslo frå 1916. I 1919 starta han eiga konstruksjons- og konsulent verksemd. Furuholmen er særleg kjend for motorbåtane han konstruerte. Åleine, eller saman med andre, konstruerte han over 1500 ulike motorbåtar.

Richard Gustav Furuholmen
Fødd 17. oktober 1887
Død

27. mars 1963

Saman med Otto L. Scheen, som han frå 1954 samarbeidde med i firmaet Furuholmen & Scheen, konstruerte han fleire redningsskøyter. Særleg hadde dei mykje arbeid med utviklinga av redningskryssarane i stål.

Han mottok Kongens fortenestmedalje i gull i 1962.

KjelderEndra

  • furuholmen.com
  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet (Norsk Maritimt Forlag, 2002).