Rickie Lambert
Rickie Lee Lambert (fødd 16. februar 1982 i Kirkby i Merseyside) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var midtspiss på Southampton FC og engelske landslagsspelar 2013-14.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Rickie Lee Lambert | ||
Fødd | 16. februar 1982 (42 år) | ||
Fødestad | Kirkby | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-2000 2001-02 2002-05 2005-06 2006-09 2009-14 2014- |
Blackpool Macclesfield Stockport Rochdale Bristol Rovers Southampton Liverpool |
3 (0) 44 (8) 98 (18) 64 (28) 128 (51) 207 (106) 0 (0) | |
Landslag | |||
2013-14 | England | 11 (3) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. juni 2024 |
Klubbspel
endreLambert spelte fleire år for klubbar i lågare divisjonar. Han fekk kontrakt med Southampton som 27-åring i 2007 og bidrog til at Southampton rykkte opp i Premier League i 2012. I 2011/12-sesongen var han toppskårar i nest høgste divisjon, Football League Championship, og kåra til årets spelar på nivå 2. Etter to sesongar i toppdivisjonen med Southampton vart han i 2014 overført til Liverpool FC. Sommaren 2015 gjekk turen til West Bromwich Albion. I september 2016 byrja han spele på Cardiff City. Same hausten vart han skadd, og kom seg ikkje tilbake i god form. La opp sommaren 2017.
Landslagsspel
endreLambert landslagsdebuterte som innbytar då England møtte Skottland på Wembley stadion 14. august 2013. Han vart matchvinnar då han la på til 3-2 i det 70. minutt av kampen. Fram til 18. november 2014 deltok han i 11 landskampar. Under VM i fotball 2014 fekk han eit innbyte då England tapte 1-2 mo Uruguay. Han skåra i alt 3 landslagsmål.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rickie Lambert» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2024.