Riksråd

(Omdirigert frå Riksrådet)

Riksråd var nemninga på riksorgan i høgmellomalderen i Noreg, Sverige og Danmark. Dei utvikla seg frå tidlegare kongsråd, og blei danna av dei fremste adelsfolka og geistlege i landa. Riksråda var sjølvstendige organisasjonar som kunne velja kongar, vedta handfestingar og formynda landet om kongen var mindreårig.

Det norske riksrådet er først nemnd i ein lov frå 1302 om arv og formyndarstyre. I 1319 fekk landet eit slikt formyndarstyre då treåringen Magnus Eriksson blei vald til konge. Det norske riksrådet varte fram til den dansk-norske reformasjonen i 1537.

Det danske riksrådet blei avskaffa ved eit statskupp gjennomført av Fredrik III, etter at han hadde sikra seg kontroll over hæren under Karl Gustav-krigane. I åra fram til 1660 hadde riksrådet hatt sterk innflytnad, ettersom Fredrik III hadde måtta underskriva ei svært streng handfesting ved sitt kongeval i 1648.

Det svenske riksrådet hadde ei stormaktstid på 1600-talet, då det kom jamleg saman. Det blei oppløyst av Gustav III i 1789 då han fastsette talet på medlemmer i rådet til 0.

Kjelder endre