Ringdalsfjorden (svensk Idefjorden) er ein grensefjord mellom Noreg og Sverige.[1] Han strekkjer seg frå Singlefjorden, som er ein del av Ytre Oslofjord, og om lag 9 km inn til Halden, der han går over i Iddefjorden.

Ringdalsfjorden
fjord
Land  Noreg,  Sverige
Kart
Ringdalsfjorden
59°06′17″N 11°17′55″E / 59.1047°N 11.2986°E / 59.1047; 11.2986
Wikimedia Commons: Ringdalsfjorden

Ringdalsfjorden og Iddefjorden utgjer eigentleg berre ein enkelt fjord med ei samla lengd på om lag 25 km. Fjorden heiter Ringdalsfjorden inn til Halden, der han skifter namn til Iddefjorden. Årsaka til at namnet på fjorden er todelt er truleg at det er haldensarane som har gjeve fjorden namn, og sett frå Halden kan ein snakke om to fjordar, ein utover mot sjøen (Ringdalsfjorden), og ein innover i landet (Iddefjorden). Dette er gjenspegla i til dømes det svenske språket, der heile fjorden heiter Idefjorden.

Kjelder endre

  1. Askheim, Svein (2. november 2020). «Ringdalsfjorden». Store norske leksikon (på norsk bokmål).