Ringholmen i Fitjar

59°53′13″N 05°12′54″E / 59.88694°N 5.21500°E / 59.88694; 5.21500

Ringholmen
øy
Fylke Vestland
Kommune Fitjar kommune
Folketal 0

Ringholmen er ein holme i Fitjar kommune i Vestland fylke, mellom Ålforo og Tranøy. Holmen er veglaus og utan fast busetjing.

I 1861 vart det oppretta ein husmannsplass på holmen, under garden Tranøy. I 1875 vart holmen seld til Fyrvesenet og Ringholmen fyrstasjon vart oppretta. Fyret var bemanna fram til 1918, då det vart nedlagt og erstatta av ei fyrlykt.

Kjelder

endre