Risøy Folkehøyskole
Risøy Folkehøyskole er ein kristen folkehøgskule i Gjeving i Tvedestrand kommune. Skulen tek årleg imot vel 125 elevar og er eigd av Stiftelsen Risøy Folkehøyskole. Det står tre kyrkjelege organisasjonar bak skulen: Sjømannskirken, Den norske Broderkretsen på Havet og Normisjon (tidlegare Indremisjonen).
Risøy Folkehøyskole | |||
Opna | 1935 | ||
---|---|---|---|
Risøy Folkehøyskole 58°39′08″N 9°08′31″E / 58.6523°N 9.142°E |
Skulen vart skipa i 1935 som Risøy ungdomsskole for sjømenn, og han ligg på ei 550 mål stor øy som høyrer til skulen. Ein av eldsjelene bak skipinga av skulen var Terje A. Mørland. Han skal ha reist til Oslo og forhandla kjøpet av øya med riksadvokaten.
Linjefag ved skulen er:
- Aktiv, bu og fritid
- Dykking
- Go to Gate
- Interiørdesign
- Musikk, dans, drama
- Redning, tryggleik og leiing
- Segl, surf og kite
- Sjøsport og friluftsliv
- Skjærgårds Music&Mission -Festivalleiing
- Teikning og grafikk
Det vert undervist i linjefaget 2 dagar (12 timer) i veka. I tillegg vel elevane eit fordjupingsfag (5 timer per veke) og valfag (4 timer per veke).
Kjelde
endre- Denne artikkelen byggjer på «Risøy Folkehøyskole» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2011.