Risenga svømmehall

Risenga svømmehall er ein kommunal symjehall på Risenga i nærleiken av Asker sentrum i Asker kommune. Hallen opna i 2006.

Risenga svømmehall fotografert i februar 2010
Interiøret

I symjehallen er det eit 25 meters symjebasseng med 28 gradar varmt vatn, eit småbarns- og barnebasseng med maksimal djupne på 30 cm med 34 gradar varmt vatn, terapibasseng på 12,5m x 8m med 34 gradar varmt vatn, stupebasseng med stupetårn med høgder på ein, tre og fem meter med 28 gradar i vatnet, bølgjebasseng med motstraumskanal og klatrevegg og 30 gradar i vatnet, to vass-sklier, boblebad med 37 gradar varmt vatn, tørr badstove og dampbadstove, kaldvasskulp med 10 gradar i vatnet, åtte spinning-syklar til trening og to familiegarderobar. Dessutan er her kafé som òg kan nyttast av dei som ikkje badar.

Dei næraste stoppestadene for rutebuss er Askerhallen og Bondi skole.

Bakgrunnsstoff endre