Ritlandskrateret er eit nedslagskrater av ein meteoritt på garden Ritland i Hjelmeland kommune i Rogaland fylke. Krateret vart funne av geologen Fridtjof Riis i 1999. Meteoren var kring 100 meter i diameter. Krateret han laga er 2500 meter vidt og om lag 350 meter djupt. Kollisjonen var for 500-600 millionar år sidan. Krateret har vore skjult av lausmassar, men har sidan kome fram i dagen att.

Ritlandkrater(panorama)
Foto: Arne Østensen

Bakgrunnsstoff endre