Riviera-Pays-d'Enhaut
Riviera-Pays-d'Enhaut er eit distrikt i kantonen Vaud i det sørvestlege Sveits, på nordaustsida av Genfersjøen. Distriktet har eit areal på 282,9 km², og hadde 79 043 innbyggarar i 2009. Distriktet vart til i 2006, då to tidlegare distrikt, Pays-d'Enhaut og Vevey, vart slått saman.
Riviera-Pays-d'Enhaut | |||
District de la Riviera-Pays-d’Enhaut | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Vaud | ||
Hovudstad | Vevey | ||
Areal | 282,88 km² | ||
Folketal | 79 431 (2010) | ||
Kommunar | 13 | ||
Riviera-Pays-d'Enhaut 46°27′56″N 6°50′56″E / 46.4656°N 6.8489°E | |||
Kart som viser Riviera-Pays-d'Enhaut.
| |||
Wikimedia Commons: Riviera-Pays-d'Enhaut District |
Riviera-Pays-d'Enhaut omfattar 13 kommunar. Dei er Blonay, Chardonne, Château-d’Œx, Corseaux, Corsier-sur-Vevey, Jongny, La Tour-de-Peilz, Montreux, Rossinière, Rougemont, Saint-Légier-La Chiésaz, Vevey og Veytaux.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Riviera-Pays-d'Enhaut District» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2011.