Robert Carver (også Carvor, Arnot;[1] ca. 1485–ca. 1570) var ein skotsk kannik (canon regular) og komponist av kristen heilag musikk under renessansen.

Carver er rekna som den største skotske komponisten på 1500-talet. Han er best kjend for polyfonisk kormusikk. Det er bevart fem messer og to motettar etter han. Verka som heilt sikkert kan tilskrivast han står i Carver Choirbook,[2] som no er ved National Library of Scotland.

Kjende komposisjonar

endre

Følgjande verk er tillagde Robert Carver i Carver Choirbook:[3]

  • Dum sacrum mysterium. Messe for ti stemmer.
  • L'homme armé. Messe for fire stemmer.
  • Pater Creator omnium. Messe for fire stemmer.
  • Fera pessima. Messe for fem stemmer.
  • Messe utan namn for seks stemmer.
  • O bone Jesu. Motett for nitten stemmer.
  • Gaude flore virginali. Motett for fem stemmer.

Ei messe utan namn for tre stemmer i Carver Choirbook og ei messe, Cantate Domino for seks stemmer i Dowglas/Fischar partbooks blir vanlegvis tillagde Carver. Nokre tillegg også Carver messa Felix namque for seks stemmer, som også er i Dowglas/Fischar partbooks.

Carver i kulturen

endre

Verk av Carver blir framleis framført i dag. Carver var påverka av komponistar frå Kontinental-Europa, og musikken som er att etter han skil seg mykje frå den til samtidige komponistar både i Skottland og England. Han hadde ein rikt ornamentert stil som mest av alt minner om musikken i Eton Choirbook.

Carver var emne for eit høyrespel på BBC Radio i 1991, Carver av John Purser, som vann ein Giles Cooper-pris det året.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre