Robert David Putnam (fødd 9. januar 1941) er ein amerikansk professor i statsvitskap ved Harvard University.[1] Putnam står bak two-level game-teorien som inneber at internasjonale semjer berre vil verta suksessfullt inngått dersom dei òg har nasjonale fordelar.[2] Putnam hevdar dessutan i boka Our Kids (2015) at den amerikanske draumen er i ei krise.[3][4]

Robert D. Putnam

Putnam i 2019
Fødd9. januar 1941
Rochester i New York
NasjonalitetUSA
Områdestatsvitskap
Yrkestatsvitar, sosiolog, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
University of Manchester
University of Michigan
Alma materYale University
Swarthmore College
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Phi Beta Kappa

Bakgrunn

endre

Putnam vart uteksaminert frå Swarthmore College i 1963, og studerte etter det eitt år ved University of Oxford i England. Ved Yale University oppnådde han mastergraden sin i 1965, og doktorgraden i 1970. Putnam vart førelesar, og seinare professor, ved det statsvitenskapelege fakultetet ved University of Michigan i 1968. I 1979 byrja han å arbeida ved Harvard University, der han mellom anna var dekan frå 1989 til 1991.[5][6]

Two-level game-teorien

endre

Modellen analyserer internasjonale forhandlingar mellom liberale demokrati som har samtidige forhandlingar på nasjonalt og internasjonalt nivå. På nasjonalt nivå freistar makthavarane å fanga opp haldningane til innbyggarane og dei nasjonale gruppene, for å dinest danna alliansar. På internasjonalt nivå freistar makthavarane å tilpassa seg dei internasjonale ynska på ein måte som gjer at det ikkje strider mot dei nasjonale interessene. Det oppstår det Putnam kallar «win-set», når interessene til det nasjonale og internasjonale aktørar overlappar kvarandre når det oppstår mogleik for å forhandla fram ei internasjonal semje.

Sosial kapital

endre

I si mest kjende og kontroversielle bok, Bowling Alone, argumenterer Putnam for at USA har gjennomgått ein kollaps innan (sosial kapital) sidan 1960-åra. Her definerer han sosial kapital som summen av normer, tillit og nettverk. Ifylgje Putnam har sosial kapital både ein avgrensande og ein brubyggande karakter.

Avgrensa sosial kapital viser til sosiale band mellom personar som har fellestrekk som same alder, interesser eller etnisitet. Brubyggande sosial kapital går på tvers av desse likskapane. Ymse grupper kan, ifylgje Putnam, på same tid vera avgrensande og brubyggande, til dømes i ei forsamling, der det vert over avgrensa for andre trusretningar, men der bruer vert bygde over sosiale og etniske forskjellar.

Den amerikanske draumen

endre

I boka Our Kids (2015) argumenterer Putnam for at aukande forskjellar i det amerikanske samfunnet hindrar unge amerikanarar i å ha like mogleikar, uavhengig av foreldre og bakgrunn. Han meiner dette har veikt den amerikanske draumen dei siste tiåra. Dette illustrerer han igjennom tendensen til dei unge amerikanarane sin kvardag i dagens USA.

  • The Beliefs of Politicians: Ideology, Conflict, and Democracy in Britain and Italy. (1973)
  • The Comparative Study of Political Elites. (1976)
  • Bureaucrats and Politicians in Western Democracies (med Joel D. Aberbach and Bert A. Rockman, 1981)
  • Hanging Together: Cooperation and Conflict in the Seven-Power Summits (med Nicholas Bayne, 1984, revidert 1987)
  • Diplomacy and Domestic Politics: The Logic of Two-Level Games. International Organization. 42 (1988): 427-460.
  • Making Democracy Work: Civic Traditions in Modern Italy.(med Robert Leonardi og Raffaella Nanetti, 1993)
  • Bowling Alone: The Collapse and Revival of American Community. (2000)
  • Democracies in Flux: The Evolution of Social Capital in Contemporary Society. (Redaktør), Oxford University Press, (2002)
  • Better Together: Restoring the American Community (med Lewis M. Feldstein, 2003)
  • «E Pluribus Unum: Diversity and Community in the Twenty-first Century - The 2006 Johan Skytte Prize» i: Scandinavian Political Studies 30 (2). (2007)
  • Age of Obama (med Tom Clark og Edward Fieldhouse). Manchester University Press (2010)
  • American Grace: How Religion Divides and Unites Us (med David Campbell). Simon & Schuster (2010)
  • Our Kids: The American Dream in Crisis. Simon & Schuster (2015)

Kjelder

endre
  1. «Robert D. Putnam», www.hks.harvard.edu (på engelsk), henta 21. desember 2022 
  2. Putnam, Robert D. (1988): «Diplomacy and Domestic Politics: The Logic of Two-Level Games» i: International Organization. 42, s. 427-460.
  3. Parry, Marc (22.mars 2015): «Can Robert Putnam Save the American Dream» i: Chronicle of Higher Education, Chronicle Review
  4. «Our Kids: The American Dream in Crisis by Robert D Putnam review – concerned, scholarly», the Guardian (på engelsk), 20. april 2015, henta 21. desember 2022 
  5. «Putnam, Robert David | Hrvatska enciklopedija», www.enciklopedija.hr (på kroatisk), henta 21. desember 2022 
  6. «Robert D. Putnam | Biography, Books, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 21. desember 2022