Robert Morton Nance

Robert Morton Nance (18731959) var ein britisk revitaliserar av og autoritet på kornisk . Han var fødd i Cardiff av korniske foreldre, og flytta til Cornwall i 1906. Nance var ein av grunnleggjarane av Old Cornwall Society i lag med Henry Jenner, i 1920, og tidsskriftet Old Cornwall i 1925.

Robert Morton Nance
Fødd1873
Cardiff
Død1959
Hayle
NasjonalitetStorbritannia, Wales, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkelingvist, skribent

Nance skreiv mange bøker om kornisk, m.a. ei kornisk ordbok, som har vorte eit standardverk. I 1929 publiserte han Cornish for All, i den ortografiske versjonen 'Unified' Middle Cornish spelling.

Bibliografi (utdrag)Endra

  • 1925: What we stand for — Old Cornwall 1:1, April 1925
  • 1929: Cornish for all: A guide to unified Cornish. Federation of Old Cornwall Societies).
  • 1955: Cornish-English Dictionary. Federation of Old Cornwall Societies). ISBN 0-902660-05-5
  • 1956: The Cledry plays: Drolls of Old Cornwall for village acting and home reading. Federation of Old Cornwall Societies. ISBN B0000CJH1W
  • 1961: Cornish for all: A guide to unified Cornish. Federation of Old Cornwall Societies. ISBN B0000CKWG1

KjelderEndra