Robert Saulters var leiar (stormeister) for Grand Orange Lodge of Ireland frå 1996 til 2011, då han gjekk av. Før dette hadde han vore stormeister for ordenen i Belfast-distriktet. Saulter sin leiarperiode var ei vanskeleg tid for Orangeordenen, både på grunn av organisatorisk svekking (sterkt fallande medlemstal), og på grunn av store politiske konfliktar på grunn av kontroversielle Orange-marsjar. Det gjorde heller ikkje saka betre at Saulters var ein kontroversiell leiarfigur, kanskje meir eksternt enn internt i Orangeordenen, og at han ikkje hadde godt lag med eller røynsle frå å handtera media.

I samband med feiringa av 12. juli 2006 i Belfast hadde Saulters kome med oppsiktsvekkjande skarpe karakteristikkar av Tony Blair, som den gongen både var leiar for det britiske Labour og statsminister for det Foreinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Ifylgje Saulters hadde Blair "sold his birthright by marrying a Romanist and serving communion in a Roman Catholic church" […] "He would sell his soul to the devil himself […]," og "He is not loyal to his religion."[1]

Han var difor snautt nok vald som stormeister for Grand Orange Lodge of Ireland eit snautt halvår seinare, før media bragte fram utsegnene om Blair, og før han vart skulda for å vera sekterisk, fordomsfull og konfliktskapande.

Familieliv endre

Roberts Saulters var gift med Margaret Saulters, og dei hadde to vaksne søner då Margaret som då var midt i 70-åra gjekk bort etter kreftsjukdom i oktober 2010.[2] Då han kunngjorde at han kom til å gå av som stormeister i 2011, vart det peikt på at dødsfallet til kona hadde medverka til at han trekte seg.[3]

Kjelder endre