Rochefort er eit trappistøl frå bryggeriet til trappistklosteret Notre-Dame de Saint-Rémy nær Rochefort i Vallonia i Belgia. Klosteret vart stifta som eit nonnekloster i 1230, men stengd i 1789. I 1887 vart det gjenoppbygd, og det første ølet vart brygga i 1899.

Rochefort-øl

Dei om lag 15 trappistmunkane i klosteret verdset isolasjon, og klosteret og bryggeriet er ikkje tilgjengeleg for gjester. Dei driv ikkje reklame for ølet sitt, og følgjer ikkje moderne trendar. Klosteret fekk si eiga Internettside først i 2006. Dei produserer berre det som trengst for å driva klosteret og overskotet vert brukt til veldedige føremål, slik som hjå dei andre trappistbryggeria. Berre i helgene kan ein kjøpa øl direkte frå klosteret.

Produkt endre

  • Rochefort 6, med raud kork. 7,5 % alkoholvolum. Raudbrun farge, med smak av karamell, frukt og hint av rosiner.
  • Rochefort 8, med grøn kork. 9,2 % alkoholvolum. Gulbrun farge med meir uttalt aroma og meir frukt. Dette er varianten det blir produsert mest av.
  • Rochefort 10, med blå kork. 11,3 % alkoholvolum. Mørk brun farge. Dette er den mest alkoholsterke av all trappistøl.

Alle tre variantane kan kjøpast i Noreg på Vinmonopolet.

Årsproduksjonen er om lag 15 000 hektoliter. Dette er meir enn dei to små trappistbryggeria Achel og Westvleteren, men berre om lag ein sjettedel av det største belgiske trappistbryggeriet, Chimay.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå nederlandsk og engelsk wikipedia, 26. februar 2010.

Bakgrunnsstoff endre